Den populære giganten
Det er litt kjedeleg å kåra runden på Ringstindane og Stølsmaradalstind til prosjektets flottaste tur så langt. Kjedele delvis fordi Store Ringstind er ein tur “alle” går no til dag, og delvis fordi det er 2000-toppen eg har vore på flest gonger før (dette var fjerde).
Men jøsses for ein maidag – det gjekk så det grein i shortsveret og eg stod på Store Ringstind knappe tre timar etter avgang frå Tindevegen. Avstikkaren opp på Midtre baud ikkje på problem når ein hadde isøks og stegjern på god snø. Så ein vesentleg drygare avstikkar inn Ringsskaret over Stølsmaradalsbreen og opp på Stølsmaradalstind. Litt artig var det også at eg kom i prat med den nyss “pensjonerte” skiskyttaren Elise Ringen med Ringstindane som bakgrunn.
Austre Ringstind trudde eg eigentleg ikkje eg skulle verken orka eller rekka, men det var framleis litt sprut i beina då eg nærma meg Ringsskar att, så eg tenkte at med over 2000 høgdemeter i beina allereie burde ikkje 200 til gjera all verda frå eller til. Det var også overraskande greitt å ta seg opp den relativ bratte sørflanken med isøks og stegjern.
Rett og slett ein lang, perfekt dag.
/ Ole