Turisteventyret på Brakanes Hotel vart starta i 1860 av skysskaren Sjur som dreiv lokal skysstasjon som formidla skyss av både folk og varer.
Hotellet ligg i fjordkanten omkransa av høge fjell og vakkert kulturlandskap. Me fokuserer på lokalprodusert mat og drikke, gjestfridom og gode opplevingar.
Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.
Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.